Om meg

Eg har alltid hatt treskjæring rundt meg, frå då eg var ein liten gut. I huset eg vaks om var det ein del ting som blant anna bestefaren min hadde skore, og eg visste han var både møbelsnikkar og treskjærar då han levde.

Etter eit år på Universitetet i Oslo med medievitenskap valgte eg å reise heim til Dovre for og endeleg starte med treskjæring på Hjerleid handverkarskole. Det vart eit veldig fint år, som gjorde at eg fortsette vidare som lærling i skule der. Etter dette gjekk eg opp til svenneprøva våren 2024 og endeleg 15. mai 2024 kunne kalle meg treskjærar.

No har er sidan høsten 2024 arbeidd fulltid som treskjærar og trivst veldig godt med det! Det gjer at eg har lyst til å starte opp ei eiga bedrift og prøve å selge skjæringane mine til folk som kan være interesserte.